Laurdag 17. oktober inviterer me til haustmarknad på Innbyggartorget!
Frå klokka 11 til 15 fyller me eit stort telt på parkeringsplassen med lokale produsentar og små og store verksemder – folk som har noko dei har lyst til å vise fram eller selje.
Haustmarknaden er eit gratis tilbod til næringsliv, lag og organisasjonar. Me ønskjer å gjere det enkelt å delta, bli synleg og møte folk i lokalsamfunnet.
Samtidig er marknaden ein del av det me ønskjer at Innbyggartorget skal vere: ei bru mellom kommunen og innbyggjarane. Ein stad der folk kan møtast, ta ein kaffi, slå av ein prat, få informasjon – og oppdage kva som finst av aktivitetar, initiativ og skaparkraft i kommunen.
På mange måtar er haustmarknaden ei vidareføring av Torsdagskaféen - mat til folket og marknadsføring til næringslivet.
Så kom innom 17. oktober!
Stort telt på parkeringsplassen ved Innbyggartorget på Judaberg
Det blir kafé inne – og mykje kjekt å sjå, smake på og kjøpe ute i teltet.
Velkomne!