Velkommen til barseltrening kvar tysdag kl 11-12 i tredje etasje i Rasmus Risas gate 33!
Me er eit knippe Storhaugmødre i permisjon som er så heldige at me får låna tredje etasje til trening. Me er amatørar, så dette er heilt lågterskel trening med kroppsvekt og eventuelt baby viss den er vaken og i humør til å bli med litt.
Lokalet har matter, men ta gjerne med minibands viss du har det. Elles er det alltid nokon til låns!
På grunn av eit relativt lite lokale har me ikkje plass til meir enn 9 stk om gongen. Me har difor laga ei gruppe på Spond med første mor til mølla kvar veke. Meld deg inn med kode ALWZP.
Som ein bonus er det «Kaffi og drøs» i første etasje frå klokka 12 kor me får treffa endå fleire folk, og Bjørn Arild serverer kaffi og noko å bita i.
Til no har me hatt med ungar frå 2 til 10 mnd så spennet er stort og alle er velkomne!